Shanghai - Yangshuo
Etterpaa var det tur med Maglev toget, verdas raskaste tog med ein toppfart paa 430 km/h! Maatte ta metroen eit stykke ut av byen, sidan toget var dyrt aa lage (Ca. 7 mrd) hadde dei ikkje raad til aa byggje den heilt inn til sentrum;). Det var spesielt to personar som var gira paa dette. Skal ikkje lyge aa seie at det var Anki og Idunn, men to forventningsfulle karar fraa vestlandet...Litt skuffa stemning i ettertid, ettersom toget "berre" koeyrde i 301 km/h...Ja ja...Paa kvelden var det tur langs the bund igjen med eit fantastisk lysshow paa andre sida av elva. Store TV-skjermar dekkja 50 etg. blokker og the Oriental Pearl Tower blinka som eit discotek. Heilt fantastisk! Vi foelte at vi var i Disneyland. Tok mange bilete.
Andre dagen i Shanghai delte vi oss. Idunn og Torgeir reiste i dyrehagen for aa spesielt sjaa pandabjoernar ete. Anki og Eirik reiste paa teknisk vitenskapleg museum og marnknad. Etter ein god lunch var det to revansjelystne gutar som ville ta eit visst magnet-tog igjen. (Fekk vite av vaare engelske vennar at toget hadde sin siste toppfarttur 7 min foer vi tok det). Dette var hardt aa svelje. Ikkje pokker om vi skal skryte til folk at "vi tok verdas raskaste tog, men det gjekk berre i 80% av kapasiteten sin". Saa det var to fornoegde karar som gliste fraa oyere til oyere naar vi dundra ut til flyplassen for andre gong i 431 (!) km/h. I mellomtida var vaare to hoderystande jenter i gamlebyen for aa kike paa folk og fe + shoppe nett pittelitt. Dei endte opp med masse te og stjerne i augene...
Thailand
Det var ein stor kontrast aa kome over grensa. Her var det ikkje mange hol i vegen. I staden var det 4 felts motorveg heile strekninga til Bangkok. Det tok ca 3 timar og me koyrde med ein superpimpa Toyota Hiace med lettmetallsfelgar, skinnseter og kufangar i krom.
Minibussen slapp oss av i naerleiken av Khao Son. Ei kjent og berykta handlegate i Bangkok for turistar og backpackarar. Me fann eit hotell med rimelig rom og inlosjerte oss for dagen.
Dagen etter bestemte oss for aa oppsoeka ein lokal skreddar som me hadde faatt anbefalt av eit engelsk par me traff pa vegen. Butikken heitte "Picasso" og var drevet av ein halvpakistansk skreddar. Picasso, saman med ein halvlubben kompanjong tok maal av kroppen vaar i alle mogelege retningar. Her skulle ingenting overlatast til tilfeldigheitane. Eirik og Torgeir hadde bestemt seg for aa sy seg dress, medan Anne Kristin og Idunn ville gaa vinteren i moete med ny kaape. Picasso hadde eit lass med katalogar fraa forskjellige designarar. Han ba oss velga kva dress eller kaape me ville ha, saa skulle han sy ein autentisk kopi.
Daa det var uendleg mange stoff aa velga i endte Eirik og Torgeir opp med 2 dressar kvar. Begge med skjorte, vest og slips. Anne Kristin og Idunn bestillte seg ei kvar si kaape.
Seinare paa kvelden var me aa provde det halvferdige produktet og avtalte at me skulle henta kleda dagen etter.
Resten av dagen gjekk me rundt og saag kva dei selde i dei forskjellige bodene i Khao Son. Her selde dei alt mellom himmel og jord. Falske merkevarer, piratkopierte dvd'ar dominerte i bodene. Blotta for moral gjekk me langs bodene og kjopte det som freista. Her vart det kjopt fine sekkar for ein slikk og ingenting. Idunn og Anki endte opp med eit lass bikiniar og bukser.
Onsdag 13 Juni stod me opp tidleg som vanleg og gjekk til den lokale frokostmannen. Han var ein solid rugg (sikkert 130 kg) som hakka opp frukt og serverte oss heimelaga muesli og yoghurt til under 10 kroner. Eit festmaaltid som me har sakna i ettertid. Me hadde bestemt oss for aa reise til eit populaert kjopesenter i utkanten av byen. Me gjekk til ein lokal Tuk Tuk sjaafoer og spurde kva han skulle ha for turen. Han skulle ha ein fullstendig urimelig sum, men sa han kunne koyre oss for 1 NOK, hvis me hadde ein stopp paa vegen. (DVS, tuk tuk sjaafoerane faar provisjon av lugubre souvenirsjapper for aa sleppa av turistar ved butikken.) Etter aa ha lest om scammen i Lonely Planet, fann me ut at det kanskje var lika greit aa ta ein taxi. Men taxiprisen var og urimelig saa me valgte aa slaa oss til ro i gata vaar. Denne dagen gjekk og med paa aa rusla rundt i Khao Son.
Her fekk Anne Kristin og Idunn eit ublidt moete med ei lokal kjerring som jobba i ein butikk. Det var mykje aa sjaa paa i butikken der det flaut av piratkopierte merkevarer. Idunn hadde sett seg ut ein caps ho ville kjope, men la den fraa seg
Seinare paa kvelden gjekk me til Picasso for aa henta dressane og kaapene vaare. Dressane til Eirik og Torgeir satt som eit skudd og dei var veldig fornoyd. Idunn var og fornoyd med kaapa si, men Anne Kristin var litt usikker.
AK leverte inn kaapa seinare paa kvelden for aa sy den litt inn i ryggen. "Ingen problem" sa picasso og ba ho henta kaapa dagen etterpaa.
Torsdag 14 Juni
Snipp, snapp, snute, så var eventyret ute.

Siste fellesbiletet. Takk til alle som har fulgt oss.
Siste timane i Singapore.

Anki fiksar fly heim. ;)

Siste flyet frå Helsinki.

Torgeir pakkar baggan.

Idunn med handleposane. Dette var berre hennar og Torgeir sine. Anki og Eirik hadde sin del og.
Noreg!
Då vi kom til flyplassen i Singapore viste det seg at flyselskapet vaart hadde slutta å fly til Finland for ein mnd sidan. Kundane dreit dei tydelegvis langt i. Anki fiksa biffen og fekk 4 fortvila nordmenn heim til slutt.
Det var nesten rørande å sjå norsk jord igjen, fantastisk. Vi følte at vi ga oss på topp.
Vi vil takke alle som har fulgt oss på reisa vår. Håpar de likte bileta og innlegga våre. Takk for no.
Anne Kristin
Eirik
Torgeir
Idunn
Shopping for alle penga...
Her i Singapore har me ikkje gjort anna enn aa shoppa. Me har vandra gatelangs paa jakt etter klede og sko (og div datakomponentar og andre dippeduttar) Etter 4 dagar er har me no ca 20 kg overvekt i sekkane, og ingen pengar att. Saa imorgon set me oss paa flyet, fattige, men svaert nogde.
Det er heilt sjukt aa tenkja paa at det allereie har gaatt over 5 mnd, og at me skal reisa HEIM imorgon. Me har hatt ein fantastisk tur, der me har sett, opplevd og laert utruleg mykje. No gler me oss til aa koma heim til alle saman og alt det norske. For er det noko ein laerer paa ein slik tur, saa er det iallefall aa setja pris paa alt ein har heima. Me veit betre no enn foer kor heldige me er som bur i Noreg. Me har svaert mykje aa vera takknemlege for...
Snakkast i Oslo paa laurdag!
Me gleeeer oss!
Torgeir "converse" Sandoy
Eirik "datakomponentar" Steine
Anne Kristin "shoppingsenter" Stavenes
Idunn "fattig" Prestegard
Perhentian Besar

Huset vaart. Vi bur nede.

Jepp jepp.

Roti canai, malaysisk rett. Broed dyppa i karrisaus.

Idunn ligg og kosar seg.

Anki og Eirik der dei likar seg best, i det vaate element.

Slik ser du ut om Idunn klippar deg.

Mohawk frisyre. Kan ikkje ha langt haar i bryllaup. Torgeir forutsaag kva MOR kom til aa seie...He he. Kva seier ho no? :)

Scrat fraa "Istid" stakk innom toalettet ein morgon. Han stressa felt med aa kome seg ut!

Dette vatnet VAR blankt foer Anki og Idunn putta skoa sine oppi.

Slik alle 4 ligg stroedd rundtom, enten i senga eller paa stranda.
Perhentian Besar
Soendag rettar vi nasa mot Singapore, er framme mandags morgon. Skal berre dasse rundt, handle litt og glede oss til aa treffe alle dykk igjen! Vi snakkast kanskje med eit kort innlegg derifraa ogsaa...
Hei hei...
Anne "snorkle" Kristin
Eirik "frisbee" Steine
Torgeir "oeyrebetennelse" Sandoey
Idunn "Mankell" Prestegard
Malaysia, Perenthian Island


Anki kosar seg i hengekoya.
Thailand, Phi Phi

Her slo Torgeir og Eirik i hel mange timar. (og motstandarar)


Stranda paa Phi Phi
Thailand, Bangkok

Anki leitar etter skjulte skattar i Khao Son.

Skreddaren vaar "Picasso" tek maal av Torgeir.
Thailand
11 Juni
Reiste me fraa Kambodsja til Thailand. Vegane fraa Siem Reap til grensa til Thailand er av noko halvgod kvalitet. Vegane saag ut som dei var teppebomba, fulle av sma hol og krater. Sjaafoeren vaar kjorde slalom paa grusvegen for aa ungaa hola. 3 timar og ei morbanka rompe etterpaa gjekk me til fots over grensa. Fortsatt i live.
Det var ein stor kontrast aa kome over grensa. Her var det ikkje mange hol i vegen. I staden var det 4 felts motorveg heile strekninga til Bangkok. Det tok ca 3 timar og me koyrde med ein superpimpa Toyota Hiace med lettmetallsfelgar, skinnseter og kufangar i krom.
Minibussen slapp oss av i naerleiken av Khao Son. Ei kjent og berykta handlegate i Bangkok for turistar og backpackarar. Me fann eit hotell med rimelig rom og inlosjerte oss for dagen.
Dagen etter bestemte oss for aa oppsoeka ein lokal skreddar som me hadde faatt anbefalt av eit engelsk par me traff pa vegen. Butikken heitte "Picasso" og var drevet av ein halvpakistansk skreddar. Picasso, saman med ein halvlubben kompanjong tok maal av kroppen vaar i alle mogelege retningar. Her skulle ingenting overlatast til tilfeldigheitane. Eirik og Torgeir hadde bestemt seg for aa sy seg dress, medan Anne Kristin og Idunn ville gaa vinteren i moete med ny kaape. Picasso hadde eit lass med katalogar fraa forskjellige designarar. Han ba oss velga kva dress eller kaape me ville ha, saa skulle han sy ein autentisk kopi.
Daa det var uendleg mange stoff aa velga i endte Eirik og Torgeir opp med 2 dressar kvar. Begge med skjorte, vest og slips. Anne Kristin og Idunn bestillte seg ei kvar si kaape.
Seinare paa kvelden var me aa provde det halvferdige produktet og avtalte at me skulle henta kleda dagen etter.
Resten av dagen gjekk me rundt og saag kva dei selde i dei forskjellige bodene i Khao Son. Her selde dei alt mellom himmel og jord. Falske merkevarer, piratkopierte dvd'ar dominerte i bodene. Blotta for moral gjekk me langs bodene og kjopte det som freista. Her vart det kjopt fine sekkar for ein slikk og ingenting. Idunn og Anki endte opp med eit lass bikiniar og bukser.
Onsdag 13 Juni stod me opp tidleg som vanleg og gjekk til den lokale frokostmannen. Han var ein solid rugg (sikkert 130 kg) som hakka opp frukt og serverte oss heimelaga muesli og yoghurt til under 10 kroner. Eit festmaaltid som me har sakna i ettertid. Me hadde bestemt oss for aa reise til eit populaert kjopesenter i utkanten av byen. Me gjekk til ein lokal Tuk Tuk sjaafoer og spurde kva han skulle ha for turen. Han skulle ha ein fullstendig urimelig sum, men sa han kunne koyre oss for 1 NOK, hvis me hadde ein stopp paa vegen. (DVS, tuk tuk sjaafoerane faar provisjon av lugubre souvenirsjapper for aa sleppa av turistar ved butikken.) Etter aa ha lest om scammen i Lonely Planet, fann me ut at det kanskje var lika greit aa ta ein taxi. Men taxiprisen var og urimelig saa me valgte aa slaa oss til ro i gata vaar. Denne dagen gjekk og med paa aa rusla rundt i Khao Son.
Her fekk Anne Kristin og Idunn eit ublidt moete med ei lokal kjerring som jobba i ein butikk. Det var mykje aa sjaa paa i butikken, der det flaut av piratkopierte merkevarer. Idunn hadde sett seg ut ein caps ho ville kjope, men la den fraa seg i butikken daa ho ville sjaa paa nokre sekkar foer ho betalte for capsen. Daa kjerringa i butikken trudde Idunn ikkje skulle ha capsen daa ho gjekk, fyrte ho paa alle pluggar og skjelte ut Idunn. "only looka looka, no buying' ropte og skreik kjerringa medan ho fekta med armane og forklarte at ho hadde venta lenge i butikken for aa ta betaling for capsen. Som om ho ikkje hadde maatte vore i butikken uansett. Idunn revurderte capshandelen og stakk ut av butikken lettare rysta over kundebehandlingen. Uvitande stod Anne Kristin og provde ei dongeribukse i same butikken. Buksa passa ikkje heilt og Anki bestemte seg for aa ikkje kjope buksa. Det fekk kjerringa til aa sjaa raudt. Ho tok imot buksa og slo Anne Kristin med buksa medan ho ropte samme regla som Idunn fekk servert nokre minutt tidlegare. Eirik og Idunn stod utanfor og saag ei lettare sjokkert jondalsjente koma gaande ut av butikken med mord i blikket. "for ei gal kjerring". Like etterpaa kom kjerringa ut av butikken og sa at me ikkje fekk kome tilbake og at aldri fekk kjope noke av ho. Som om det skulle vaere aktuelt.
Generelt fekk me eit daarleg inntrykk av Thailenderane i Bangkok. Nesten alle som jobba paa cafear, restaurantar og butikkar var frekke og lite serviceinnstillte, heilt utan grunn. Det same gjaldt taxi og tuk tuk sjaafoerar.
Seinare paa kvelden gjekk me til Picasso for aa henta dressane og kaapene vaare. Dressane til Eirik og Torgeir satt som eit skudd og dei var veldig fornoyd. Idunn var og fornoyd med kaapa si, men Anne Kristin var litt usikker.
AK leverte inn kaapa seinare paa kvelden for aa sy den litt inn i ryggen. "Ingen problem" sa picasso og ba ho henta kaapa dagen etterpaa.
Torsdag 14 Juni
Me hadde bestillt oss bussbillett til Phi Phi oyene paa vestkysten av Thailand. Det var ein nattbuss saa me fekk nok ein dag aa slaa i hel i Bangkok. Anne Kristin fekk tilbake kaapa si og var veldig fornoyd. Bussen var 2 etasjar hoeg, rosa og minna veldig om ein barbie buss. Sidan Torgeir hadde trygla og bedt oss ta denne bussen fekk han til slutt viljen sin.
Fredag 15 Juni
Tidleg om morgonen kom me fram til Krabi, etter ei noko sovnlaus natt paa bussen. Fraa Krabi tok me baat ut til Phi Phi oyene og saag fram til mange late dagar paa stranda. Daa me kom fram var det fint vaer, men litt overskya. Etter litt bading og soling tok me kveld, veldig utslitte etter reisinga.
16-20 Juni
Lordagen gjekk med til soling og bading sjolv om det var overskya og nokre smaa regnbyger i lopet av dagen. Strendene paa Phi Phi oyene er veldig fine, med finkorna sand og det er veldig langgrunt.
Denne oygruppa vart hardt raaka av tsunamien i desember 2004. Stort sett heile den bebygde delen av oya vart jevna med jorda og over 2000 mennesker mista livet.
Nesten heile landsbyen har blitt bygd opp igjen, men nokre skada tre og forvridde vrakrestar vitnar om tragedien som utspant seg der. Det var positivt aa sjaa at turismen har byrja aa vende tilbake. Det var mange folk der sjolv om det var lavsesong.
Me hadde planar om aa reise paa rundtur med ein baat der me skulle snorkla og besoka fine strender, bant anna stranda der The Beach vart spela inn. Men vaergudane var ikkje med oss saa turen vart avlyst gong etter gong. Torgeir og Eirik fann ei lokal sjappe der dei hadde playstation 2 og PRO EVO6 (fotballspel) her tilbragte dei mange timar til Anne Kristin og Idunns store forargelse. Vaeret vart berre verre for kvar dag som gjekk og det var difor uaktuelt aa ligga paa stranda.
Etter 4 dagar med nokre vannvittige regnskyll forstod me kvifor det var lavsesong. Me pakka difor snippsekken, stakk halen mellom beina og retta nasa mot austkysten av Malaysia. Her er det i motsetning til Phi Phi oyene ikkje regntid. Me reiste med minibuss fraa Krabi og kom fram til grensa til Malaysia i 8 tida paa kvelden. Ein lokal taxisjaafoer ville koyra oss til havnebyen for 150 NOK. Ein to timars tur i ein sliten toyota med sota ruter og hol i eksospotta. Jaja, me kom fram til slutt, veldig slitne etter 14 timar med reising. Me budde ei natt paa eit hotell i havnebyen og bestemte oss for aa reisa ut til oyene dagen etterpaa.
21 Juni
Me koyrde med ein speedbaat til Perenthian Island klokka 11 paa formiddagen. Baaten var smekkfull av haapefulle turistar. Me gjekk av paa fyrste og beste kaien, noko me angra paa i ettertid. Her var det veldig ode, elendige og overprisa hotell og ikkje spesiellt fine strender. Etter timar med leiting fann Torgeir og Eirik ein annan del av oya der alt var mykje betre. Me fann eit hus med to soverom og fint bad for rundt 300 NOK. Huset har og ein altan med utsikt over sjoen. Det er 20 meter til stranda og me har ein fin sandvolleyball bane i naerleiken. Det er utruleg stille og roleg her og ingen hogroyesta skandinavar. :)
Me fiska paa oss badekle og bada til huden ikkje saag ut, etterpaa gjekk me og aat ein god middag paa hotellet sin restaurant. Me koste oss med nokre pils medan sola gjekk ned.
22 Juni
I dag har me lest og kost oss. Det er diverre overskya i dag, men me haapar paa betre vaer dei neste dagane.
Eirik "guinness" Steine
Anne Kristin "myggstikk" Stavenes
Torgeir "Atsjo" Sandoy
Idunn "Tomat Ketchup" Prestegard
Anna del av Angor Wat.

Her blei Tomb Raider spelt inn.

Idunn. (Tomb Raider).

Anki og Idunn. (Tomb Raider).

Mange ansikt, paa Angkor Thom, trur eg.

Angkor Thom.
Angkor Wat.



Angkor Wat, soloppgang.

Fantastisk.


Anki og Eirik ventar spent.